Soluna 1 – Tvillingene
Likar du å fordjupa deg i nye, spennande univers? Då er «Soluna 1 - Tvillingene» boka for deg!
Tenk om du plutseleg fann ut at du hadde ein tvilling! Aiden og Tanwen har vakse opp på kvar si side av ei todelt verd utan å vita om kvarandre. I første bok i Soluna-serien blir me kjende med dei to.
Serieskapar Camilla Dahlstrøm har gått grundig til verks for å skapa eit heilt nytt og stort univers for lesarane sine. I Terrex er religionen Soluna, og menneska er skapte for å ta vare på verda. Men den vonde Omni eksisterer også, og ved hjelp av hjelparane sine, maskene, har han har halde Tanwen og mange andre fanga.
Bak i boka er det faktaboksar om Terrex sin religion, geografi, astronomi, historie og reglar for magi. Om du likar å fordjupa deg i nye univers og er glad i nordisk manga, er Soluna 1 – Tvillingene ei spennande førstebok i serien med gode og detaljrike teikningar. Korleis vil det gå med tvillingane? Kven var eigentleg dei maskerte skikkelsane som drap mora deira?
Andre bok i serien er allereie ute!
Bok: Bokmelding: Soluna 1 - Tvillingene
Forfattar: Camilla Dahlstrøm
Forlag: Egmont
Utgjevingsår: 2024
Sider: 141
Passar for: 10-14 år