Motorsykkelmysteriet

Ein kveld skjer det noko mystisk og farleg i nabolaget: Ein gut vert påkøyrd av ein motorsyklist. Stian og Stine oppdagar at begge likar å løyse mysterium, og dei tek saka.

Stian og Stine er 12 år gamle og bur i det same huset, fordi mor til Stine og far til Stian er kjærastar og har flytta saman. Den nye familien skal lære seg å leve saman, og det er ikkje alltid like lett.

Ein kveld skjer det noko mystisk og farleg i nabolaget: Ein gut vert påkøyrd av ein motorsyklist. Stian og Stine oppdagar at begge likar å løyse mysterium, og dei tek saka.

Den neste tida får dei oppleve meir spenning enn som godt er, og vennskapen deira vert utfordra.

Boka har ein fin balanse mellom det skumle, familieutfordringar, vennskap, empati og samfunnsengasjement. Har til dømes mysteriet noko med den nye leiren i skogkanten å gjere, der det bur fleire familiar frå romfolket? Eller er medlemmer i motorsykkelklubben innblanda?

Boka stiller mange spørsmål, men det er opp til lesaren å sjølv gjere seg opp ei meining om kva som er rett og gale.

LES OGSÅ: Her er dei 10 beste barnebøkene på nynorsk

Bok:
Forfattar: Magnhild Bruheim
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2014
Sider: 223
Passar for: 9-13 år

Andre bokmeldingar