Aldri har nokon vore lenger vekke frå jorda

Romferja Artemis II har sirkla rundt månen, og landar i Stillehavet utanfor California natt til laurdag. I banen rundt månen var dei lenger unna planeten vår enn noko menneske har vore før, heile 406 772,9 kilometer frå jorda.
Oppdraget varar i rundt ti dagar, og målet er å teste system ein treng før ei faktisk månelanding. Mellom anna testar dei system for å halde mannskapet i live, navigasjon og kommunikasjon.
Ingen menneske har vore utanfor jordas bane sidan Apollo 17 i 1972. Det er siste gongen menneske har landa på månen.

Skriven ut frå Framtidajunior.no · framtidajunior.no
Kva meiner du?
179 svarHar du prøvd å sparke?
Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.