Dette bør du vite om Paracet og Ibux

Paracet og Ibux er to av dei mest brukte medisinane i Noreg. Dei kan hjelpa mot smerter og feber. Men mange brukar dei feil – og det kan vera farleg for kroppen.

Fakta om smertestillande:
  • Paracet er det vanlegaste namnet på medisinen paracetamol. Paracetamol er stoffet medisinen inneheld. Det blir også selt med namna Panodil og Pinex.
  • Nokre medisinar inneheld paracetamol saman med andre stoff. Det gjeld mellom anna Dolerin, Paracetduo, Paralen og Paralgin forte/major. I utlandet blir Paracet oftast selt som Tylenol og acetaminophen.
LES FAKTALUKK FAKTA

Kva er Paracet?

Paracet har to effektar. Medisinen er smertestillande og febernedsetjande. Paracet finst både som tablettar, stikkpiller, mikstur og brusetablettar. På sjukehus kan medisinen også setjast rett i blodet.

Kva er Ibux?

Ibux er ein smertestillande, febernedsetjande og betennelsesdempande medisin.
Mange bruker Ibux mot menstruasjonssmerter. Ibux kjem i tablettform, som mikstur eller som krem (gel) du kan smørja på kroppen. På sjukehus kan medisinen også setjast rett i blodet.

Blir selde utan resept

Paracet og Ibux blir selde utan resept på apotek og i daglegvarebutikkar. På apotek vil ungdom under 18 år få informasjon og rettleiing når dei kjøper Paracet eller Ibux. I daglegvarebutikkar er det 18-års aldersgrense.

Feil bruk

Fleire undersøkingar har vist at mange bruker Paracet og Ibux feil. Når du bruker ein medisin mot noko han ikkje fungerer mot, kan du få biverknader. Medisinar bør berre brukast slik du har fått beskjed om av legen, eller slik det står på pakken.

Paracet og Ibux fungerer til dømes ikkje mot:

  • tungsinn, depresjon eller vanskelege tankar
  • angst, nervøsitet, stress, sosial angst eller sceneskrekk
  • søvnvanskar, trøyttleik, slite eller slappheit
  • magetrøbbel som diaré, hard eller treg mage

Om du har brukt Paracet eller Ibux mot nokre av plagene medisinane ikkje fungerer mot, bør du snakka med fastlegen. Legen kan vurdera symptoma og gi oppfølging og behandling som fungerer.

Om du har behov for Paracet og/eller Ibux ofte, eller lenger enn det som står i pakken, bør du oppsøkja fastlegen din. Legen kan både undersøkja kvifor du har smerter og korleis dei best kan behandlast.

Har du brukt Paracet eller Ibux feil, kan legen hjelpa deg med å slutta (om du til dømes har vorte avhengig og fått hovudverk), eller undersøkja om du kan ha fått andre skadar av bruken.

Kjelde: Ung.no / Helsedirektoratet