Torsdag og fredag har det vore ein gulbrun dis over Vestlandet og ein ekstra flott solnedgang torsdag kveld.
– Det kan truleg skuldast sandstøv som har blitt frakta frå Sahara, seier vakthavande meteorolog på Vestlandet, Susana Reuder til Framtida Junior.
Ifølgje klimaovervakingstenesta til EU, Copernicus, er det venta den høgaste konsentrasjonen av sand og støv i Sør-Noreg fredag kveld.
– Laurdag kan Agder og sørlege delar av Austlandet oppleva dette, fortel Susana Reuder, og seier dei følgjer utviklinga.

Blodregn og flotte solnedgangar
– Kombinasjonen av den raudaktige sanden og regn gir det me kallar blodregn, fortel meteorolog Susana Reuder.
Mengda av støvpartiklar kan òg gi ekstra flotte solnedgangar dersom det er sol. BBC i Storbritannia har meldt om dette dei siste dagane.
– Her i Noreg skjer ikkje dette fenomenet så ofte, men det er vanlegare sørover i Europa, seier Susana Reuder.


















