Mange influensarar, kjendisar og unge lesarar diggar bøker

Mange snakkar om ei lesekrise i Noreg. Samtidig fortel influensarar, kjendisar og unge lesarar at dei har funne tilbake til bøkene.

Bøker har vorte trendy på sosiale medium. Popstjerna Dua Lipa har starta bokklubb, der ho kvar månad tilrår ei bok. Ein av dei største nettprofilane i verda, Kai Cenat, strøymer medan han les bøker for millionar av følgjarar, skriv NRK.

Også i Noreg blir trenden merka. Influensar Oskar Westerlin har byrja å lesa klassikarar og historiske romanar.

– «Greven av Monte Cristo» var sjukt bra. No les eg Conn Iggulden sine bøker om Julius Cæsar, seier influensaren til NRK.

– Sjølv om det er romanar, så endrar dei faktisk korleis eg ser på ting i mitt eige liv. Kriser eller motgang går liksom ikkje like mykje inn på meg lenger, legg han til.

Samtidig som lesing trendar, har norske medium skrive om elevar som slit med å lesa, og om at mange går ut av grunnskulen utan gode leseferdigheiter.

Tala peikar oppover

Likevel fortel biblioteka om fleire utlån og fleire besøk, og bokhandlarane opplever auka interesse – særleg blant unge.

– Det er fleire enn ein trur som les, trur Sigurd Hove Hægeland (14) og Oscar Ribe Christensen (15). Begge les gjerne, og sit i juryen for Uprisen som kårar den beste norske ungdomsboka, skriv NRK.

– Veldig gledeleg

Kulturminister Lubna Jaffery seier ho heiar på alt som kan auka leselysta.

– Det er veldig gledeleg! seier ho til NRK.

Ho er samtidig bekymra for store forskjellar i kven som les mest og minst, og peikar på at regjeringa satsar på både pengar, boklov og strategiar for å få fleire til å lesa.

Les du bøker?

Les du bøker?

Ja, nesten kvar dag1
Ja, av og til3
Sjeldan0
Nei, nesten aldri0
Svar totalt: 4