USAs president Donald Trump vil ikkje be om unnskyld etter at ein omstridd video vart publisert på hans nettstad, skriv NRK.
Mot slutten av den eitt minutt lange videoen om ein konspirasjonsteori om valet i USA i 2020, vart tidlegare president Barack Obama og kona hans Michelle vist som apar i ein jungel.
Sterk kritikk
Videoen blir møtt med sterk kritikk frå både demokratiske og republikanske politikarar. Mange meiner at innhaldet er rasistisk. Etter 12 timar vart videoen fjerna frå Truth Social.
Trump seier at han berre såg starten av videoen før han sende den vidare til ein medarbeidar. Ifølgje CNN meiner han at han ikkje har gjort noko gale.
Sjølv om Trump tek avstand frå den delen av videoen som mange oppfatta som rasistisk, vil han altså ikkje seia unnskyld.






















