City-stjernene betaler fansen

Etter at Manchester City tapte 3–1 mot Bodø/Glimt i Champions League, bestemde nokre av spelarane seg for å gjera noko spesielt for supporterane.

Ifølgje VG var det spelarane Bernardo Silva, Rúben Dias, Erling Braut Haaland og Rodri som bestemde seg for å betale pengar tilbake til alle dei som hadde reist for å sjå kampen.

Totalt samla dei saman 9 357 pund – som er nesten heile rekninga for billettane til dei 374 supporterane som reiste til Bodø for å heia på laget sitt.

Viktig gest

– Supporterane våre betyr alt for oss. Me veit kva offer fansen gjer når dei reiser verda rundt for å støtta oss både heime og borte, og me tek det aldri for gitt, seier kapteinsteamet i ein felles uttale til dei britiske media.

Kevin Parker frå den offisielle supporterklubben sa også at gesten var viktig:

– City-supporterar vil reisa til verdas ende for å støtta laget vårt, og i går kveld var ikkje annleis i den arktiske sirkelen. City-fansen har ein utruleg relasjon til spelarane på kampdag, og denne gesten er endå ei påminning på det – det betyr mykje for oss, seier Parker i uttalen, referert av Manchester Evening News.