Vi kan stå saman og laga ei betre verd!

MEINING: Høyr på meg nå! Verda brukte i fjor 27.000 milliardar kroner på militæret!

Det synest eg ikkje var så lurt, fordi barn i alle land treng mat, klede, bøker, drikke og mykje meir. Eg synest at alle land som gir pengar skulle gitt litt mindre pengar til militæret.

Vi er betre enn dette! Vi kan stå saman og lage ei betre verd. Alle vaksne og barn må stå saman som ei gruppe. Pengane skulle gått til fattige familiar rundt om kring i heile verda. Eg har eit supert liv, men det trur eg at mange andre barn i verda ikkje har. Ver så snill, ikkje gi så mange pengar til militæret. Eg trur at vi kan lage ei betre verd dersom vi står saman.