Kva betyr det å vere medlem i Nato?

Nato er ein allianse som sikrar at Noreg har nokon å snu seg til dersom nokon skulle angripe oss. Alliansen forpliktar oss òg til å forsvare andre Nato-land, dersom dei skulle bli angripne.

Dei 12 første landa i NATO
  1. Noreg
  2. Belgia
  3. Canada
  4. Danmark
  5. Frankrike
  6. Island
  7. Italia
  8. Luxemburg
  9. Nederland
  10. Portugal
  11. Storbritannia
  12. USA
LES FAKTALUKK FAKTA

Først og fremst, NATO står for Den nordatlantiske traktats organisasjon. 12 land frå Nord-Amerika og Europa gjekk saman og skreiv under på ein handlingsplan. Desse landa ligg rundt Atlanterhavet, derav «nordatlantiske».

Poenget med alliansen er at, dersom eitt av landa vert angripne, så vert alle landa angripne, og skal hjelpe til med å beskytte landet. Dette kan bli kalla eit samla forsvar.

Kvifor vart det starta?

Nato hadde 75-års markering 4. april i 2024, altso vart Nato oppretta i 1949. Det skjedde i starten av den kalde krigen, der USA og Sovjetunionen var dei store rivalane.

Derfor samla dei tolv første landa seg for å vere eit felles forsvar mot Sovjetunionen.

No er det 32 land med i avtalen. Det siste landet som vart meldt inn var Sverige.

Artikkel 5

Det er ei lov eller paragraf i avtalen som er heilt sentral. Han vert kalla artikkel 5, og har vore snakka om i media dei siste vekene etter at Russland ved fleire tilfelle sende dronar inn i luftrommet til Nato-landet Polen.

Artikkel 5 seier at alle åtak mot eit land i Nato, er eit åtak mot alle land i Nato. Om dette skulle skje, må landa i alliansen møtast og bestemme kva dei skal gjere.

Terroråtaket mot USA

Det er berre eitt tilfelle i dei 70 åra Nato har eksistert at dei har tatt i bruk artikkel 5.

I 2001, 11. september, utførte al-Qaida eit terroråtak mot USA. Det var fleire mål under åtaket. Eitt var i New York City der Twin Towers – to skyskraparar – vart krasja inn i av to fly. Grunna utviklinga av store brannar i tårna, enda dei opp med å rase saman.

TWIN TOWERS: Dei to høgste skyskraparane i New York City på dagen 11. september 2001. Robert J. Fisch | CC BY-SA 2.0 | Flickr

Eit tredje fly vart styrta i Pentagon-bygninga i Virginia. Dette bygget er forsvarsdepartementet i USA.

I tillegg prøvde al-Qaida å styrte eit fjerde kommersielt fly. Kursen til flyet vart sett til hovudstaden Washington DC. Flyet nådde aldri målet sitt, då passasjerane tok tak og klarte å avverje terroristane, men flyet styrta i ein åker og alle om bord døydde.

Dåverande president, George W. Bush, erklærte krig mot al-Qaida og Afghanistan. Artikkel 5 vart sett i verk, og fleire land sende inn soldatar til Afghanistan, Noreg inkludert.

Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.