Her kan du ringa/chatta om du treng nokon å snakka med:
- Ring til alarmtelefonen for barn 116 111. Der kan du vera anonym og det er gratis.
- Ring til barnevernet i kommunen der du bur. Du finn telefonnummeret på kommunens si heimeside.
- Sei ifrå til ein du stolar på og be om hjelp. Det kan vera ein i familien din eller ein annan vaksen.
- Ring Kors på halsen som har nr. 800 333 21. Det er heilt anonymt og gratis. Du kan også chatta anonymt på nettsida deira korspåhalsen.no.
- SnakkOmPsyken.no er ei chat-teneste for barn og unge frå 9–19 år.
Barneombodet kjem med denne reaksjonen no fordi fleire alvorlege hendingar den siste tida har rysta folk i Noreg. Mellom anna har det vore granatepisodar og valdshendingar der unge personar har vore involvert.
– For å få bukt med aukande ungdomskriminalitet må me starta med det mest grunnleggjande: Å stoppa vald mot barn heime, skriv ho i innlegget.
Ho viser til undersøkingar frå Noreg og Sverige som viser at mange unge lovbrytarar har opplevd vald i familien. I Oslo har politiet sett på 55 unge som hadde gjort mange kriminelle handlingar.
– Heile 39 av dei 55 personane i gjennomgangen er sjølv registrert som fornærma i ei valdssak, med snittalder for første registrering på 10,5 år, skriv Gerhardsen.
Det betyr at mange av dei som seinare gjorde noko vondt mot andre, sjølv hadde opplevd vald tidleg i livet.
Tydeleg beskjed
Barneombodet meiner at barnehagar og helsestasjonar må få tid og kunnskap til å oppdaga barn som har det vondt.
– Helsestasjon og barnehage er i ein unik posisjon til å fanga opp og varsla, om dei får kunnskap, tid og ressursar til dette, skriv ho og avsluttar innlegget med ein tydeleg beskjed:
– Skal me stoppa valden mot barn, må me starta med å oppdaga, hjelpa og verna dei aller minste.