I Brasil finst den enorme Amazonas-regnskogen. Regnskogen er viktig fordi den fungerer som «jordas lunger». Skogen produserer enorme mengder oksygen og lagrar store mengder karbon. Det bremsar klimaendringar. I tillegg er skogen heim for eit unikt mangfald av dyr, plantar og menneske.
Viss altfor mykje skog forsvinn, kan han nå eit vippepunkt. Det betyr at regnskogen ikkje klarer å reparera seg sjølv lenger. Då kan store område bli til tørre sletter i staden for frodig skog.
Ifølgje forskarane har Amazonas mista 49,1 millionar hektar skog sidan 1985. Det er cirka 13 prosent av alt som veks der.
«Når for mykje vegetasjon er tapt, blir den naturlege syklusen til regnskogen forstyrra, og store område endar opp som tørt sletteland, står det i den siste rapporten».