Vann skrivekonkurranse om håp for framtida

Klasse 7A ved Lone skule i Bergen kommune blei klassevinnar i skrivekonkurransen til Framtida Junior, Tid for ti-aksjonen til Foreningen Les og Klimafestivalen junior.

Over 300 elevar og mange klassar frå heile Noreg deltok i skrivekonkurransen med tema håp for framtida. Juryen skryt av eit høgt nivå på tekstane, og kåra klasse 7A ved Lone skule til vinnar av skrivekonkurransen.

– Så utruleg kjekt! No blei me veldig glade, seier elevane Erik, Solvei, Theo og Dennis i vinnarklassen.

Premien er 2000 kroner og eit klassesett av Framtida Junior til klassen. Under Barnas klimaspørjetime på Klimafestivalen Junior på hovudbiblioteket i Bergen fekk klassen tildelt prisen framfor eit stort publikum og sjølvaste klima- og miljøministeren.

Om vinnarklassen skriv juryen:

«Vinnarklassen skriv om ei variert vifte av tema – frå arbeid, klima, skule, transport og teknologi. Klassen skriv kreativt og godt om korleis me kan få hjelp av ny teknologi i framtida. Mange er flinke med god kjeldebruk, og drøftar godt korleis teknologi, kunstig intelligens og klimaendringar kan påverka oss. Og fleire skriv engasjert om kva håp dei har for framtida. Vinnar av skrivekonkurransen er fullt fortent klasse 7A ved Lone skule».

Juryen kåra tekstane til desse enkeltelevane til vinnarar av skrivekonkurransen:

Nora Erikstad, 6. trinn, Askvoll skule

Nadya Soqullio Gudvangen, 7. trinn, Aurland barne og ungdomskule

Heidi Uggedal, 6. trinn, Søvik skule

Vinjar Krogsethagen Ringstad, 6. trinn, Søvik skule

Emma Trædal Hovde, 7. trinn, Frøyland skule

Joel Andreas Aadland, 5. trinn, Danielsen barne og ungdomsskule på Sotra

Annabell Østebø, 7. trinn, Ogna skule

Tobias Skjelstad, 6B, Landro skule

Desse vinnarane får tilsendt t-skjorte og Framtida Junior-avis eller bokpakke.

Vinnartekstane og fleire andre gode tekstar blir publiserte på Framtidajunior.no dei neste vekene!