Kunstig intelligens kan gjere det mogleg å forstå kva dyr seier

Ei forskargruppe bak ei ny, dansk studie hevdar at dei med 90 prosent sikkerheit kan slå fast kva eit dyr seier, ved hjelp av kunstig intelligens. Om dette stemmer, vil det opne for at vi kan ta betre vare på dyra våre.

Forskarar ved Biologisk institutt på Universitetet i København har brukt kunstig intelligens til å overvake følelsane til dyr. Då har dei fått innsikt i kva lydane dyra lagar eigentleg betyr, skriv forskning.no.

– Om vi kan oppdage stress eller ubehag tidleg, kan vi gripe inn før det eskalerer. Like viktig er det å fremje positive kjensler, seier eine forskaren.

Kan betre dyrevelferd

Forskarane ser for seg at det kan bli utvikla automatiske, KI-baserte verktøy som mogleggjer at bønder heile tida kan overvake kor bra dyra i fjøset har det.

Ei anna yrkesgruppe som kan ha nytte av verktøyet er veterinærar.

Foto: Pixabay

Dyr kan lyge

Den norske forskaren Øyvind Øverli er imponert over studien, men peiker på at vi må hugse på at dyr kan late som.

– Dyr kan finne på å lage ein bestemt lyd, for å oppnå noko hos menneske, seier han til forskning.no