Såkalla anti-aldrande hudpleieprodukt med retinol har vorte svært populært blant barn og unge, mellom anna grunna TikTok-trendar.
No har EU bestemt at hudpleieprodukt med over 0,3 prosent retinol, skal verte ulovleg å selje, skriv NRK.
Helseskadeleg
Årsaka til dette forbodet, er at for mykje retinol kan vere helseskadeleg.
Retinol er det same som A-vitamin og om ein får i seg for store mengder med dette vitaminet, kan det mellom anna føre til kvalme, hårtap og tørr hud.