Lama
- Eit dyr i kamelfamilien.
- Lamaer lever i høgtliggande gras- og krattområde i Sør-Amerika.
- Lamaen er eit viktig dyr for den etniske befolkninga i Sør-Amerika, mellom anna for dei innfødde i Ecuador.
- Lamaen har tradisjon for å bli temt, og er kjelde til ull, mjølk og kjøt.
Kjelde: Store norske leksikon
Lamaløpet er eit årleg løp som blir arrangert i eit våtmarksområde i Andesfjella i Ecuador. Der deltek omtrent 20 barn for å vise fram evnene sine til å ri på lama.
Barna har på seg tradisjonelle ponchoar og hattar som held dei varme i det kalde klimaet. Nokre pyntar også opp lamaene sine med fargerike band og stoff.
Feiring av våtmark
Våtmark er ei naturtype med mykje vatn i jordoverflata, som til dømes myrer slik vi har i Noreg.
Våtmark har ofte høg planteproduksjon, som utgjer livsgrunnlag for eit rikt dyreliv. Samstundes har våtmark blitt utnytta av menneske over heile verda og er dermed ein av dei mest truga naturtypene i verda.
Word Wetlands Day fann stad 2. februar og er ein internasjonal FN-dag som har som mål å fremje viktigheita og bevaring av våtmark.