Sender utryddingstruga dyr heim til Madagaskar

Skjelpaddar og lemurar er utryddingstruga dyreartar på Madagaskar. No sender Thailand nesten 1000 individ av desse artane heim igjen.

Madagaskar
  • Land i Afrika
  • Madagaskar er verdas fjerde største øy
  • Hovudstad: Antanarivo
  • Innbyggjartal: 29,6 millionar
  • Språk: Madagasskisk (gasskisk) og fransk
  • Nasjonaldyr: Lemur

Kjelde: Lille norske leksikon

Foto: Pixabay
LES FAKTALUKK FAKTA

Ulike typar skjelpaddar og lemurar er populære å ha som eksotiske husdyr i Asia. Dette har ført til ulovleg handel av desse dyra frå Madagaskar til mellom anna Thailand, skriv CNN.

Folk som ulovleg kjøper desse dyra, slit ofte med å halde dei friske og i live. Dette er fordi det er vanskeleg å gjenskape miljøet dyra er vande med på Madagaskar, i Thailand.

No har thailandske myndigheiter beslaglagt mange av dei ulovleg kjøpte dyra og er i gang med sende tilbake 961 individ til heimen sin – Madagaskar.

SKJELPADDE: Skjelpaddar er blant dyra som er utryddingstruga på Madagaskar. Illustrasjonsfoto: Pixabay