Nordkoreanske soldatar i Ukraina

Fleire tusen soldatar frå Nord-Korea skal hjelpa Russland i krigen mot Ukraina.

Sør-Korea har åtvara om at nordkoreanske soldatar har vorte lærte opp i russisk.

No melder vestleg etterretning om at nokre nordkoreanske soldatar er inne i Ukraina, og ventar at fleire vil koma, ifølgje CNN.

Tidlegare denne veka varsla Nato om at nordkoreanske soldatar var i den russiske regionen Kursk. Sørkoreansk etterretning meiner det kan vera snakk om 13 000, medan andre kjelder meiner det er færre.

I byte mot soldatane har president Putin sagt seg villig til å senda militær teknologi og støtte til Nord-Korea, som er under internasjonale sanksjonar.

Natos generalsekretær Mark Rutte meiner partnarskapet «undergrev global fred og tryggleik», melder BBC.

Les også: Ukrainske born må gå på skule i bomberom