I helga kan du sjå ein komet på himmelen

12. oktober har vi sjansen til å sjå ein komet på himmelen dersom vi ser i rett retning til rett tid.

Komet
  • Eit frose objekt/himmellekam i verdsrommet.
  • Består av frosen gass, stein og støv.
  • Blir kalla «skitne snøballar».
  • Det er sett over 3500 kometar i solsystemet.
  • Kometar er restar etter at solsystemet blei danna for 4,6 milliardar år sidan.
  • Kometar er 1–10 kilometer i diameter.

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

For augneblikket er kometen med namnet Tsuchinshan-ATLAS så nær sola at vi ikkje kan sjå han, men dette vil endre seg 12. oktober, står det på forskersonen.no.

Kometen vil då vere 71 millionar kilometer frå jorda. Det vil seie at han vil vere 180 gongar lengre bort enn månen.

Trass at dette høyrest langt unna ut, er det nærme nok til at vi kan sjå han frå jorda.

Kometen vil då skine lågt i vest idet skumringa senkar seg.

Gasshale

Kometar sitt tydelegaste kjenneteikn er at dei har hale.

Det får dei når dei kjem nær nok sola. Då byrjar dei frosne gassane på kometen å fordampe og lagar ei sky av gass rundt han.

Stråler frå sola dyttar denne skya vekk og kometen får dermed ein hale. Kor lang halen på kometen Tsuchinshan-ATLAS er, veit ikkje forskarane før dei ser han i helga.