Ivar får ansvar

Spennande og morosam bok om lommepengar og lærepengar.

Ivar har sommarferie, og skal leike med Maja. Men ho har fått seg sommarjobb på ein kafe. No vil Ivar også få sommarjobb. Han heng opp ein plakat, og det tek ikkje lang tid før nokon ringer og vil ha hjelp. Men Ivar likar ikkje alle desse jobbane.

Det tek litt tid, men så ringar nokon, Ivar takkar ja til jobben og set i gong. Dessverre visar det seg at Ivar har blitt lurt. No må han jobbe gratis for å gjere det godt igjen.

Som om ikkje det var gale som det var, så har det kome ein ny gut, som Maja snakkar med og om heile tida. Ho har nesten ikkje tid til Ivar lenger. Dessutan har lommepengane snudd.

Ja, snudd, ikkje stoppa men snudd. Frå no av må Ivar betale hundre kroner i veka til mor og far.

Korleis skal han tene desse pengane, og vil Maja forstå at Mons ikkje snakkar heilt sant?

Det finn du svaret på om du les denne boka!

Eg synest boka var spennande og eg likte den!

Bok:
Forfattar: Arnfinn Kolerud
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2024
Sider: 193
Passar for: 9-13 år

Andre bokmeldingar