Erling Braut Haaland: frå liten til størst

Denne boka er verkeleg fantastisk.

Med ein gong eg fekk boka, sette eg i gong med lesinga og slukte boka på to dagar. Denne boka om fotballproffen frå Bryne er fantastisk skriven og Ørjan Zazzera Johansen skildrar hendingane i boka slik at eg får følelsen av at det er eg som opplever det som skjer i boka.

Boka legg vekt på oppveksten til Erling Braut Haaland og overgangen frå første trening med G99 til Premier League-gull med Manchester City.

Denne boka er perfekt for fotballinteresserte jenter og gutar, men kan også vere ei oppmuntringsbok for å fortsette med denne idretten.

Gjennom overgangen frå fotballinteressert til fotballproff møter Erling Braut Haaland både oppturar og nedturar, og vi lesarane får ta del i alt frå trening, til mat og skule.

Kanskje er Erling Braut Haaland din helt? Sjølv lot han seg fascinere av svensken Zlatan Ibrahimovic. Då spissen var yngre såg han ofte på videoar av forbildet sitt på Youtube. Kanskje gjer du også det?

Denne boka bør du lese! Kanskje du kan låne den på biblioteket eller lese den på nett?

Sjå litt av boka her:

Bok:
Forfattar: Ørjan Zazzera Johansen
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2024
Sider: 94
Passar for: 9-12 år

Andre bokmeldingar