Unicef: Mange barn døyr på grunn av luftforureining

Ein ny rapport har samla inn tal frå over 200 land.

I 2021 døydde 700 000 barn under 5 år av luftforureining. Det viser ein ny rapport frå Unicef.

For barn under 5 år er luftforureining den nest største risikofaktoren for å døy. Den største risikofaktoren for å døy, er underernæring, altså å ikkje få nok mat.

– Trass i framskritt innan mødre- og barnehelse, døyr nesten 2000 barn under 5 år kvar dag på grunn av helseeffektar knytt til luftforureining, seier UNICEFs visedirektør Kitty van der Heijden i ei pressemelding.

Jobbar med å betre luftkvaliteten

Men det er ikkje berre dårlege nyheiter i rapporten. Luftforureininga er høgst i Afrika, Latin-Amerika og Asia. I desse områda har ein jobba for å gjere luftkvaliteten betre. Det har gitt gode resultat. Sidan år 2000 har 53 prosent færre barn under 5 år døydd.