Leik på trening var like effektivt som intervalløkter

Ein studie frå Noregs idrettshøgskule viser at trening basert på leik fungerer godt for 12-åringar.

Dette er intervalltrening

Intervalltrening er trening der du varierer mellom å trene så fort og hardt du kan, og heilt roleg trening. Det vil seie at du varierer tempoet på for eksempel ei løpeøkt. Då vekslar du mellom å løpe fort og jogge roleg eller gå. Før du startar ei intervalløkt, er det viktig å varme opp. Bruk gjerne 10 minuttar på dette.

LES FAKTALUKK FAKTA

Forskar Halvard Grendstad følgde tre grupper med 12 år gamle langrennsløparar over åtte veker. I løpet av desse vekene hadde dei fire treningsøkter i veka.

Den eine gruppa hadde intervalløkter. Den andre gruppa hadde aktivitetar som var baserte på leik. Den tredje gruppa bestod av 12-åringar som ikkje dreiv med langrenn, og som var mindre aktive enn dei to andre gruppene.

Før og etter prosjektet testa alle 12-åringane maksimalt oksygenopptak. Resultatet etter dei åtte vekene var overraskande.

– Det var ingen forskjell mellom dei tre gruppene. Endringane var heilt like, og dei aller fleste deltakarane såg ut til å auke sitt maksimale oksygenopptak. Einaste forskjellen me fann var at gruppa som trena intervallar, sprang litt lenger på mølla enn dei to andre gruppene, fortel Grendstad i ein artikkel på forskning.no.

Å leike på trening viste seg å vere like effektivt for kondisjonen som å trene harde intervalløkter.