Skadar på nesten heile Great Barrier Reef 

Rundt 90 prosent av Great Barrier Reef ser ut til å vera skadd av varmt havvatn.

Great Barrier Reef, som er det største korallrevet i verda, ligg utanfor nordkysten av Queensland i Australia. For nokre månader sidan var det ramma av såkalla massebleiking på grunn av ei ny undersjøisk hetebølgje.

I ei massebleiking mistar korallane farge. Dei blir bleike når dei blir utsette for store belastningar – til dømes varmt vatn. I verste fall kan koralldyra døy. Hovudårsaka til skadane på Great Barrier Reef, er at havvatnet blir varmare som følgje av den globale oppvarminga.

Den ferske undersøkinga av revet blei offentleggjort av Great Barrier Reef Marine Authority, som har ansvaret for å vareta korallrevet.

– Klimaendringane eskalerer, og revet merkar allereie konsekvensane av det, står det i rapporten.

Det var NTB som fyrst omtala saka.

GIF: Giphy.com