Hva er greia med klima?

Flaumar, skogbrannar og isfjell som smeltar er berre noko av det du får lære meir om i denne underhaldande boka.

Dei som har laga denne boka, Jenny Jordahl og Ole Mathismoen, er kjende for teikneseriane dei har laga på baksida av Aftenposten kvar veke, som blei utgitt i boka Grønne greier (2018). Det er ei morosam bok å lese for deg som vil lære kule fakta om naturen.

I 2019 gav Jordahl og Mathismoen ut ei ny bok, med tittelen Hva er greia med klima? I denne teikneserieboka får vi bli med i det fiktive framkomstmiddelet Naut, som er oppkalla etter ubåten til kaptein Nemo i klassikaren En verdensomseiling under havet. Naut kan både flyge og reise i tid!

På reisa møter Jenny og Ole dyr, fuglar og fiskar som fortel dei kva den globale oppvarminga gjer med levekåra deira, og får sjå dei dramatiske konsekvensane på nært hald. Flaumar, skogbrannar og isfjell som smeltar er berre noko av det du får lære meir om i denne underhaldande boka for deg i alderen 9 til 12 år.

Bok:
Forfattar: Ole Mathismoen og Jenny Jordahl (illustrasjonar)
Forlag: Ena Forlag
Utgjevingsår: 2019
Sider: 66
Passar for: 6-13 år

Andre bokmeldingar