Verden sa ja

I denne Bragepris-nominerte boka teiknar og fortel Kaia Dahle Nyhus historia til heile verda!

Frå det fyrste livet i havet oppsto, til dinosaurane vart utrydda, til menneska byrja å dyrke korn og bygge byar, til vår eiga tid med miljøproblem – og vidare. For verda er jo ikkje ferdig enno.

Dette er ei bok for deg som likar å tenkje store tankar om planeten vår og alt som finst på den, utan å bli fortalt akkurat kva du skal tenke. Det er også ei bok for deg som likar sider fulle av store, kule, fargerike og morosame teikningar! Passar alle aldrar, også deg som ikkje har starta på skulen enno.

Bok:
Forfattar: Kaia Dahle Nyhus
Forlag: Cappelen Damm
Utgjevingsår: 2018
Sider: 41
Passar for: 3-9 år

Andre bokmeldingar