Det forferdeleg geniale freseflyskyet
Den sprø oppfinnaren Snutt finn opp dei raraste duppedingsar.
No skal han finne opp ei maskin som kan halde skyene vekke, slik at ungdomane i byen Olsen kan få vere på stranda og surfe og ete is kvar dag.
Men den geniale oppfinninga til Snutt gjer at det blir mykje sol både i Olsen og på Nordpolen. Og med fint vêr heile dagen, blir det varmt. Veldig varmt.
Altfor varmt for isflaka i alle fall. På Nordpolen lever isbjørnungen Burrr og foreldra hans. Kva vil skje med dei når vatnet stig og isflaka smeltar?
Bok:
Forfattar: Rolf Losnegård
Forlag: Skald
Utgjevingsår: 2015
Sider: 125
Passar for: 6-12 år