«Jul på Bukken hotell»: – Julehistorie med ein spesiell tvist
«Jul på Bukken hotell» er skriven av Christian Wiik Gjerde og illustrert av Ingrid Dos Santos.
Christian Wiik Gjerde, som tidlegare har debutert med Jakta på firkløveren, har no skrive jul på Bukken hotell. Boka er gjennomillustrert med fine, artige teikningar av Ingrid Dos Santos. Gjennom boka møter vi mange typar karakterar; den jålete, den alvorlege og strenge, den godhjarta, den koselege og mange fleire. Fredrik er hovudpersonen, og saman med mora og faren sjekkar dei inn på Bukken hotell, sjølv om det eigentlig er julestengt. Fredrik merkar snart at hotellet ikkje er heilt av den vanlege sorten.
Fredrik og den vesle familien hans sjekkar innpå Bukken Hotell for å opphalde seg der i jula, men dei har inga aning om at denne jula kjem til å bli heilt annleis enn dei tenkjer, før Fredrik finn ei nissejente på hotellrommet sitt. Jenta heiter Fryd og sidan ho er barn er ho usynlig for dei som ikkje trur på nissar. Snart viser det seg at heile hotellet er fullt av gnomar og nissar. Men den dagen erkenissen skal kome på besøk, kjem heller den fråfalne nissen Krampus. Krampus sitt mål er å gjere heile byen einsam, og utslette jula. Faren til Fredrik er ordførar, og hatar jul. Men kvifor gjer han eigentlig det? Og kven er denne Krampus som truger med å gjere heile byen einsam og sende nissane i Den Evige Kvila? Kanskje kan Fredrik hjelpe nissane.
Saman har Christian Wiik Gjerde og Ingrid Dos Santos skapt ei tradisjonell julehistorie, men med ein spesiell tvist, som gjer boka ganske spennande utan å øydeleggje julestemninga ein får av å lese kalenderbøker. Boka passar for 7-11åringar, men er også ei bok ein kan lese høgt i familien.
Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Ragnhild Tonning her: – Favoritten min er fantasy
Bok: Jul på Bukken hotell
Forfattar: Christian Wiik Gjerde
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2019
Sider: 224
Passar for: 7-11 år