Mørkt

Du kjenner det allereie når du får boka i handa og fingrane stryk over det fløyelsmjuke omslaget: om du let att auga kjennest boka til og med nattsvart ut.

Midt i alt det mørke står Dag og kjenner seg så liten. Han er nemleg mørkredd. Om dagen er Dag trygg og glad, spelar fotball og har det heilt fint, men når natta kjem, kjem også dei skumle tankane.

Ein kveld Dag ligg i senga og er redd for mørkeret, får han besøk. Ho heiter Natalia, og ho er redd for lyset. Ho vil vere saman med Dag, men kva skal dei finne på, når Natalia er redd for lyset og Dag er redd for mørkeret?

Illustrasjonane har teikneseriepreg, med innslag av ruter som til dømes viser situasjonen frå fleire vinklar. Sidene er svarte med innslag av kvitt og grått, og spelar på nettopp kjensla av å ikkje heilt vite kva som finst der i mørkeret.

Bok:
Forfattar: Gyrid Axe Øvsteng
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2018
Sider: 52
Passar for: 8-12 år