Berre hopp

Ei fin og morosam bok om venskap, å presse eigne grenser og å kome seg vidare.

Denne boka likte eg veldig godt, og derfor vil eg gi ho ein sterk femmar.

Ingeborg er ikkje heilt som andre jenter – ho er nemleg hørselshemma. Men slike ting gjer jo ingenting så lenge du har ein ven ved sida di! Besteveninna Pernille har alltid vore der for ho, men no har dei blitt uvener, og Pernille heng berre med Marte. Akkurat no er den einaste trøysta hennar skateboard og minigrisen BB. Ein dag gir storebror Emil ei utfordring til Ingeborg. For at ho skal bli endå modigare skal ho gjere fire ting som ho synst er ekstra skummelt. Men tør Ingeborg å gjere alle fire tinga? Og korleis veit ein eigentleg at ein har blitt eit tøffare menneske?

«Berre hopp» av Åshild Moldskred er ei fin og morosam bok om venskap, å presse eigne grenser og å kome seg vidare. Eg likte ho veldig godt, og anbefaler ho til alle mellom 8 og 12 år.

Bok:
Forfattar: Åshild Moldskred
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2021
Sider: 170
Passar for: 8-12 år

Andre bokmeldingar