Ti utrulege oppfinningar – spennande om viktige oppfinningar
Spennande og artig faktabok om utrulege og viktige oppfinningar.
Gjennom ti spennande kapittel kan du lesa om kjende og mindre kjente oppfinningar. Her kan du lesa historia om lyspæra, atombomba, kjøleskapskrukka, p-pilla, antibiotika, oppvaskmaskinen, autotune, protesar, det skotsikre stoffet kevlar og den vitskaplege metoden. Her får du sjå både nye og nokre gamle oppfinningar.
Teikningane av Rune Markhus verkeleg stilige og ein viktig del av boka.
Lyspæra er sjølve bildet på det å finne opp noko, og det er vanleg å tenke at ein oppfinnar er ein mann i kvit frakk på eit laboratorium. Men det er ikkje sikkert at ei oppfinning blir til slik. Ei oppfinning tar ofte lang tid å utvikla.
Av og til kan til og med oppfinnaren angra på oppfinninga si. Som til dømes når me les om atombomba og Josef Rotblat, som heile tida var i tvil om det var rett å utvikla ei så farleg bombe.
Bok: Ti utrulege oppfinningar
Forfattar: Bår Steinvik
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2020
Sider: 58
Passar for: 9-13 år