Onani for gutar

– Nei, du får ikkje skjegg i handa eller kroka rygg av å onanera. Onani er berre sunt for deg, seier lege og forfattar Ellen Støkken Dahl.

Tema: kroppen
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

– Heilt fram til i dag har det vore vanleg å spreia mytar og løgnar for å skremma gutar frå å onanera. Nokon påstår at ein kan bli blind, eller få skjegg i hendene av å onanera. Andre seier at ein kan gå tom for sæd og mista evna til å laga barn seinare i livet. Ein gamal myte er at eldre menn blir krokrygga fordi dei har tømt ut for mykje av sæden sin. Alt dette er berre tull. Onani er ikkje berre ufarleg – det er bra for deg, seier lege og forfattar Ellen Støkken Dahl.

– Onani er sunt for alle menneske, både fysisk og psykisk.

– Det kjennest godt og slepp lykkestoff ut i blodet. Dei gode kjenslene du lagar i kroppen din, kan hjelpa på sjølvtilliten og sjølvbildet, skriv Ellen og medforfattar Nina Brochmann i Gutteboka.

For nokon kjennest det heilt feil å runka, sjølv om det både er sunt og morosamt. Det er fordi onani framleis blir sett på som skamfullt og syndig i fleire kulturar og religionar.

NYTING: – Onani eller runking betyr at ein tar på sitt eige underliv for nytinga si skuld. Det er ingen aldersgrense på onani, fortel lege og forfattar Ellen Støkken Dahl. Foto: Anne Valeur

Men, kva er onani for gutar?

– Onani eller runking betyr at ein tar på sitt eige underliv for nytinga si skuld. Det er ingen aldersgrense på onani. Det viktigaste er at du sjølv kjenner deg klar for det. Når ein runkar, stimulerer ein penis, og særleg penishovudet, den mest kjenslevare staden på penis. Ein grip rundt penis og rører handa opp og ned over skaftet og penishovudet.

Kva er ein orgasme?

Bokomslag: Aschehoug

– Medan du onanerer, bygger alle dei gode kjenslene seg opp til ei spenning i underlivet. Det kan kjennast som eit kraftig trykk eller press, nesten som om du må tissa. Andre skildrar det som noko varmt eller pumpande som veks og blir sterkare. Trykket bygger seg opp til ein topp. Spenninga slepp taket, og orgasmen er i gang. Musklane i underlivet trekker seg saman i rytmiske bevegelsar, og kvar samantrekking sender ei herleg bølgje av kiling og velvære gjennom kroppen.