– Det er ein problem at me manglar ein godt språk for jenter og onani. Gutar har mange fleire enkle ord dei brukar om det å onanere, seier Ellen som saman med lege Nina Brochmann har skrive Jenteboka som er proppa full av fakta om puberteten.
– Gutar snakkar meir om onani med kvarandre. Når jenter skal snakka om onani brukar dei ord som «masturbera» eller «onanera», medan gutar har meir kvardagslege ord som til dømes å «runka». Utan enkle ord blir det vanskelegare å snakka ope om onani, seier Ellen.
– Det er viktig at jenter også snakkar om å onanera.
– Me har fått nokre nye ord for jenter no som kan hjelpa. «Å trille ert» eller «klitring» er døme på ord me kan bruka, seier ho.
Ho er oppteken av at det er veldig bra for helsa.
– Det å bli kjent med eigen kropp er viktig. I tillegg gjer orgasme at ein søv betre – og det hjelper mot lett angst og depresjon. i tillegg motverkar det hjarte- og karsjukdom, fortel ho.
Men, kva er onani for jenter?
– Når ei jente onanerer, tar ho på underlivet sitt. Det mest kjenslevare området på heile kroppen er klitorishovudet. Jenter og kvinner gjer forskjellige ting når dei onanerer, men dei aller fleste tar på klitoris. Nokon synest det blir for intenst å ta rett på klitoris. Den er så kjenslevar at det for nokon kan kjennast ubehageleg. Då kan ein heller gni eller pressa noko mot heile underlivet når ein onanerer, til dømes ei pute eller dyne. Mange synest òg det er godt å bruka stråla frå dusjen mot underlivet.
Kva er ein orgasme?
– Orgasme er ein spesiell reaksjon som skjer i kroppen når ein har hatt det godt ei stund. For å få ein orgasme, må ein ta på klitorisen sin ganske lenge. Musklane i underlivet trekker seg saman i rytmiske bevegelsar, og kvar samantrekning sender ei herleg bølgje av kiling og velvære gjennom kroppen.