Kraftige snøstormar i enkelte delar av det nordaustlege Kina, har ført til rekordmasse snø, skriv BBC.
I byen Shenyang har det komme totalt 51 cm snø, noko som held til ny rekord! Der har det nemleg ikkje snøa så mykje på 116 år, melder kinesiske medium.
Ei plutseleg ekstremvêrhending
Også i nabolandet Mongolia, har dei vore råka av dei kraftige snøstormane den siste tida. Der er ein person omkomme og meir enn 5600 menneske råka av kulde og nedbør i form av snø.
Det ekstreme vêret i dei to landa, har gjort at det er blitt sendt ut heile 27 ekstremvêrvarslar. Meterologiske forskarar i den mongolske byen Tongliao har uttalt seg om at snøstormen dei var vitne til, vart opplevd som ekstremt tilfeldig og ei plutseleg ekstremvêrhending.
No anbefalar myndane at folk held seg heima. I det nordaustlege Kina har dei fleste bomstasjonar på motorvegen stengt. Det har også fleire tog- og busstasjonar.