Dette vil seie at du blant anna ikkje lenger kan få mat i isoporbehaldarar, sugerøyr i brusen eller kan nytte q-tips av plast i øyret.
Forbodet er ein del av eit EU-direktiv, og har ifølgje Klima-og miljødepartementet vore venta lenge.
– Mange produsentar og importørar har derfor allereie byrja å fase ut dei produkta som blir forbodne frå 3. juli, skreiv departementet i ei pressemelding i mars då datoen for forbodet blei kjent.
I den same pressemeldinga skriv Klima- og miljødepartementet at forbodet kan redusere bruken av dei ulike plastartiklane med 3.600 tonn årleg i Noreg, og vil redusere forsøpling og skadar på dyreliv og miljø.
– Ein viktig start
Leiar av Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, meiner plastforbodet er ein veldig viktig start, som viser at Europa tek plastproblemet på alvor. Han trur forbodet kan vere med å snu ein dårleg vane vi har hatt lenge.
– Tala Klima- og miljødepartementet legg fram viser kor nødvendig eit slik forbod er. Det er ein viktig start, seier han på telefon til Framtida.no.
Men takken retter han mot EU.
– Noreg har snakka om plast i mange år, men det er EU som sørgde for eit forbod. Heldigvis, seier han.
Fleire næringar å ta tak
Likevel påpeikar Gulowsen at den nye regelen ikkje gjeld all slags plast.
– Det er ikkje gjort noko med plast innanfor til dømes oppdrettsnæringa, fiskerinæringa og bygg- og anleggsbransjen. Innpakkingsemballasje av plast i butikkar er heller ikkje forbode. Der er derfor fleire næringar å ta tak i, seier leiaren av Naturvernsforbundet.
Han forklarar at fleire plastforbod kan kome som ein del av EU sin plaststrategi, og seier det er ei naturleg retning å gå vidare.
– Vi må sjå meir enn berre småprodukta. Vi må sjå på det større i tillegg, avsluttar Gulowsen.
Desse produkta blir forbodne frå og med laurdag:
- Bestikk av plast
- Tallerkar av plast
- Sugerøyr av plast
- Ballongpinnar i plast
- Rørepinnar i plast
- Matbehaldarar av isopor
- Drikkebeger og anna drikkevaremballasje av isopor
Bomullspinnar og sugerøyr til bruk som medisinsk utsyr blir ikkje forbode.