12 toppklubbar går saman og dannar «Superligaen»

Natt til måndag kom annonseringa om at totalt 15 toppklubbar i Europa skal oppretta ein ny liga.

Klubbane som skal vera med i «Superligaen»:
  • Manchester United
  • Manchester City
  • Liverpool
  • Tottenham
  • Arsenal
  • Chelsea
  • Barcelona
  • Real Madrid
  • Atlético Madrid
  • Inter Milan
  • AC Milan
  • Juventus

Det er varsla at tre andre klubbar også vil bli med, slik at talet på klubbar i serien blir 15.

LES FAKTALUKK FAKTA

Poenget med ligaen, er å samla dei beste klubbane i Europa til ein eksklusiv liga, skriv NRK.

Annonseringa kom på dei til no 12 toppklubbane sine heimesider, og på ei nyoppretta nettside for turneringa.

– Eit nytt kapittel i europeisk fotball

Klubbane skriv i pressemeldinga at dei ønskjer å betra kvaliteten og intensiteten i europeiske turneringar gjennom ein sesong, og at koronapandemien har gjort økonomien i den europeiske fotballen meir ustabil.

Dei var ikkje nøgd med korleis meistermligaen skal sjå ut dei neste åra, og bestemde seg derfor for å laga sin eigen liga.

– Ved å samla verdas største klubbar og spelarar, vil Superligaen opna eit nytt kapittel i europeisk fotball. Den vil sikra konkurranse og auka økonomisk støtte, seier Jpel Glazer, som er styreleiar i Manchester United og vise-styreleiar i Superligaen.

Slik blir turneringa

  • 20 klubbar skal delta. 15 av dei skal vera faste, medan dei fem siste plassane er kvalifiseringsplassar.
  • Det blir midtvekekampar med alle klubbane. Klubbane skal samtidig som dei er med i Superligaen, også delta i sine nasjonale ligaer.
  • Turneringa startar i august kvart år.
  • Dei 20 laga vert delt i to grupper med ti lag. Dei tre beste laga frå kvar gruppe går til kvartfinale.
  • Laga som blir nummer fire og fem i gruppene, spelar ein playoff om dei siste kvartfinaleplassane.
  • Sluttspelet er best av to kampar, medan finalen som blir spelt i mai, spelast som ein finalekamp.