Nokon har gen som gjer at dei toler kulde betre

Ny forskning viser at genane dine er med på å bestemma kor godt du toler kulda.

I DNA-et ditt sit det eit gen som bestemmer litt av korleis musklane dine verkar. Alle har eit slikt gen. Men alle har ikkje den same varianten av genet.

Dei som har eit gen som gjer at musklane strammar seg ekstra og blir varme, held seg varmare når det er kaldt, skriv Ung.Forskning.no.