Mellom anna kan sjukdom vera problem med å puste. Andre plagar er problem med å føde, alvorleg allergi, problem med ledda og problem med augo, skriv Dyrebeskyttelsen Norge.
Dette vil dei no setje ein stoppar for, og saksøker mellom anna Norsk Kennel Klubb. Dyrebeskyttelsen Norge meiner at dei ikkje tek problemet på alvor, og ser ingen anna veg enn å saksøke for å få gjort noko med problemet.
Todelt problem
Dyrebeskyttelsen skriv at problemet er todelt. For det første, har menneske hatt fokus på korleis hundane ser ut, noko som har ført til problemar med helsa til enkelte rasar. I tillegg til dette, har dei ulike hundane sin utsjånad og fasong ført til alvorlege problem med helsa.
Eit eksempel på dette er buldogen, som har problemar med mellom anna å puste.
Dyrebeskyttelsen skriv at hundane lider på grunn av at menneske avlar dei berre med tanke på utsjånaden til hunden, og ikkje med helsa deira i fokus.