Barn forstår meir av ironi enn forskarane trudde

– Når barn er seks år og byrjer på skulen, er det mange som både forstår og kan bruke ironi, ifølgje Ingrid Lossius Falkum. Ho forskar på språk.

Før trudde forskarar at barn ikkje forstår ironi så godt. Ironi tyder at du seier ein ting og meiner noko anna. Oftast meiner du det motsette av det du seier.

No har forskarar funne at det dei tidlegare trudde, kanskje ikkje stemmer heilt likevel.

– Barn forstår meir av ironi enn vi trudde, seier Ingrid Lossius Falkum til Ung.Forskning.no.

Ho forskar på språk ved Universitetet i Oslo.

Veldig små barn brukar sjeldan ironi.

– Men når barn er seks år og byrjer på skulen, er det mange som både forstår og kan bruke ironi, seier Ingrid.