1. Ein gamer er også ein idrettsutøvar! Hugs at å game mange timar heile natta ikkje vil gjere deg betre, kroppen treng mat og søvn.
2. Hugs at for mykje skjerm før leggetid øydelegg søvnen din.
3. Når du er på LAN: et god og sunn mat! Nudlar og energidrikk er fristande, men du blir slapp av det, og speler ikkje like bra.
4. Følg reglane på spela. Brot på reglane vil føre til at du misser brukaren din FOR ALLTID!
5. Hugs å sørge for at andre også har det bra med spelinga, ikkje berre du. Å tape er surt, men det er ein del av leiken … 😉