Her er seks tips:
- Handle i bruktbutikkar.
- Ha bytekveld! Samle nokre vener, ta med klede du ikkje brukar meir, og byt!
- Fiks klede, ikkje kast. Du treng ikkje symaskin – du kan bruke nål og tråd.
- Gjer reparasjonar av klede til ein hobby. Du kan brodere ein blom over holet i buksa eller feste ein strykelapp på. Det gjer kleda dine heilt unike.
- Redesign er gøy! Du kan finne mykje inspirasjon på YouTube til korleis du kan sy noko anna av klede du ikkje brukar meir.
- Vask kleda litt sjeldnare. Når vi vaskar klede brukar vaskemaskinen mykje vatn og syntetiske klede slepp mikroplast ut i havet.