Det har vore mykje diskusjon knytt til valet av partileiar i Venstre.
Valkomiteen innstilte Trine som partileiar på landsmøtet, men no seier Trine Skei Grande i eit intervju med VG at ho trekkjer seg.
– I løpet av helga har eg kome til at det beste er at nokon andre slepp til, sjølv om eg ikkje veit kven det er, seier Trine til VG.
Trine Skei Grande har vore partileiar i Venstre og vore i regjeringa – sist som kunnskapsminister.