Etter fleire testbrøl runga klimabrølet framfor Stortinget fredag ettermiddag klokka 16.42. Målet med klimaropet var å få fortgang i klimapolitikken.
Innsatsleiar Torgeir Brenden i Oslo-politiet anslår overfor NTB at det var mellom 6.000 og 8.000 menneske framfor Stortinget i samband med Klimabrølet.
Her kan du sjå ei lita oppsummering av dagen i Oslo.
Penelope gjev bort prispengane
I fjor vart 14 år gamle Penelope Lea den yngste vinnaren nokon sinne av Frivillighetsprisen, og mottok med det både heider og 50. 000 kroner.
Under Klimabrølet i Oslo fredag heldt ho appell for dei frammøtte:
– Eg meiner ingen har rett til å seie at vi er for små til å gjere ein forskjell, når vi er i ei slik krise, sa Lea frå scena.
Så annonserte den unge Miljøagenten at ho gjer som Greta Thunberg og donerer heile prissummen ho fekk til det pågåande klimasøksmålet Arktis.