Framleis er det slik at den som mobbar nesten alltid blir verande på skulen, medan offeret flyttar, skriv NRK.no.
Det er snart to år sidan lova som skulle ta hensyn til offeret blei innført.
Tal som NRK har henta inn viser at det berre er ein elev/mobbar som har blitt pålagt å byte skule på grunn av mobbing.
Kunnskapsminister Jan Tore Sanner seier han vil justere lova slik at det er mobbaren som skal flyttast.