Førre veke streika det elevar i alle verdshjørner. Ifølgje Fridays for future streika kring 1,3 millionar elevar i over 120 land: Frå Bangladesh til Antarktis.
Også i dag melder Fridays for future at elevar i 68 land skal ta til gatene for å uttrykke si misnøye med klimainnsatsen til myndigheitene. Det er venta at mellom 15 og 20 000 norske skuleelevar skal delta, og det er varsla streik over 70 stadar rundt om i landet.
- PRØV KVISSEN: Er du smartare enn ein 7. trinns elev?
Elevane krev endring
Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) kjem til å møte dei streikande elevane klokka 10 for å få overlevert hovudkrava om at:
- Ingen fleire løyver til oljeleiting vert delte ut
- Regjeringa kjem med kraftige klimatiltak for å sikre at global oppvarming ikkje stig over 1,5 grad.
Artikkelen stod først trykt på Framtida.no. Der vil du også finne ein lengre versjon av saka.