Kjemikar om gammal sminke: – Ikkje noko ein har lyst til å ha i ansiktet

Gjennom historia har menneske brukt både giftig sminke og brannfarlege klede for å sjå fine ut.

For nokre hundre år sidan var det populært blant rike britar å sminka ansiktet heilt kvitt. Sminka inneheldt blykvitt, som var laga av det giftige tungmetallet bly.

– Bly er eit tungmetall. Dette er i alle fall ikkje noko ein har lyst til å ha i ansiktet eller rundt auga, sa kjemikar Alexander Sandtorv til forskning.no i 2025.

Den irske grevinna Maria Coventry døydde berre 27 år gammal. Foto: Offentlig eigedom/Wikimedia Commons

Forskarar trur at fleire kan ha døydd av blyforgifting. Den irske grevinna Maria Coventry døydde berre 27 år gammal. Forskarar mistenkjer at blysminke kan ha vore årsaka, skriv Ung.forskning.no.

Giftige og brannfarlege klede

På 1800-talet blei smaragdgrøne klede svært populære. For å laga den sterke grønfargen brukte fabrikkane det giftige grunnstoffet arsen. I alvorlege tilfelle kunne kleda føra til blemmer, organsvikt og død.

Også krinolinekjolane frå same hundreår kunne vera livsfarlege. Eit stort stativ under kjolen gjorde skjørtet breitt, men det kunne lett komma borti levande lys og ta fyr.

Ifølgje forskar Naomi Braithwaite kan så mange som 3000 kvinner ha døydd på denne måten.

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here