Her er oppskrift!
Ingrediensar:
- Frosen frukt etter eige ynskje: 1,5 – 2,0 koppar
- Eplejuice
- 1 banan (Om det ikkje er banan i den frosne frukta)
- Yoghurt: Eit beger
- Havregryn: 0,5 kopp
Dette gjer du:
- Ta fyrst den frosne frukta ut av frysaren (PS: Det er lurt å ta frukta ut av frysaren 10-15 minuttar før du startar. Då heng ikkje frukta fast nedi botnen på blendaren når du skal blande smoothien.)
- Hell fyrst frukta ned i blendaren.
- Etter frukta heller du yoghurten oppi.
- Ha i ei halv banan. Du får vite kva du skal gjere med den andre halvdelen seinare.
- Hell havregryna oppi blendaren.
- Sist men ikkje minst tek du eplejuicen. Hell oppi sånn at den kjem på høgde med bæra.
- No blandar du. Hugsar du den halve banana som ikkje blei brukt i stad? Den et du no mens du venter på at smoothien skal bli ferdig blanda.
- Når smoothien er ferdig, heller du den oppi smoothieformene og set det i frysaren. Om det er noko restar så drikk du dei sjølvsagt opp.
- Etter 24 timar kan du ta dei ut av frysaren og nyte dei!
Denne oppskrifta lagar 6 is!





















