Taylor Swift vil beskytte seg mot KI

Artisten Taylor Swift vil beskytte stemma si frå å bli brukt i innhald som er laga ved hjelp av kunstig intelligens.

Taylor Swift
  • Ein av verdas mest populære artistar.
  • Ho er kjent for å lage musikk i sjangrane country og pop.
  • Dei mest kjente songane hennar er Love Story og Shake It Off.
  • Taylor Swift kjem frå USA og er 36 år gamal.

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Taylor Swift vil varemerkebeskytte stemma si fordi ho er redd for at folk skal misbruke henne i videoar og songar laga med kunstig intelligens, melder NRK.

Å varemerkebeskytte ei stemme betyr at ein er den einaste som har rett til å bruke stemma. Om andre brukar stemma, vil det vere ulovleg og dei kan få straff.

Det er fleire artistar og skodespelarar som fryktar å bli misbrukte i KI-innhald no. Dette kjem av at det er blitt så enkelt å gjenskape stemmer ved å berre leggje inn korte lydopptak.