Pandaene Xiao Xiao og Lei Lei har reist heim til Kina

Tvillingpandaene Xiao Xiao og Lei Lei har forlete Japan. No er dei tilbake i Kina – til stor sorg for japanske panda-fans.

Pandaene Xiao Xiao og Lei Lei har no komme trygt fram til Kina. Dei kom til Sichuan på onsdag, ifølgje Kinas forskingsbase for pandaer.

Tvillingane vart fødde i Tokyo i 2021. I desember vart det kjent at dei skulle returnerast til Kina, som eig dei fleste pandaene i verda, skriv NRK.

Foreldra deira, Shin Shin og Ri Ri, vart send tilbake til Kina i 2024. Kina har i mange år brukt pandaer for å byggja vennskap med andre land.

No er Japan utan pandaer for første gong på 53 år.

PÅ REISE: Tidleg om morgonen 28. januar tok tilsette imot dei gigantiske pandaene Xiao Xiao og Lei Lei då dei kom tilbake frå Japan til Kina. Foto: China Conservation and Research Center for Giant Panda via AP