Nasa: Auka sjanse for at asteroide treff jorda

Ein asteroide, kalla 2024 YR4, nærmar seg jorda. Ifølgje den amerikanske romfartsorganisasjonen Nasa har sjansen for at han skal treffe oss i 2032 auka, men forskarane følger nøye med for å passa på at jorda er trygg.

Forskaren Richard Moissl frå Den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA) seier at det ikkje er snakk om ein asteroide lik den som utsletta dinosaurane. Likevel kan han vera farleg for ein by dersom han treff jorda, skriv Dagbladet.

Stor asteroide

Nasa seier at dette er den høgaste sannsynlegheita dei nokon gong har registrert for ein asteroidekollisjon, men også at sjansen for at den treff jorda er svært liten. Og at sannsynlegheita for at den treff jorda kan bli mindre etter kvart som åra går.

Asteroiden er mellom 40 og 90 meter i diameter og beveger seg i ei enorm fart – rundt 64 000 kilometer i timen.

Forskarane følgjer nøye med og passar på at jorda er trygg.

I videoen frå NASA øvst i saka, kan du læra meir om 2024 YR4-asteroiden.